Varme frå Haugalandet
Kortreist blandingsved i 1000L storsekker. Furu, bjørk, gran, rogn og selje – ferdig kappa og kløyvd, klar til å varme heimen din.
Oversikt
- Storsekk (1 x 1490,-)
- 1,490 kr
- Frakt
- 0 kr
- Total
- 1,490 kr
Kvalitet i kvar sekk
Blandingsveden vår består av dei beste treslaga frå lokale skogar. Pakka i 1000L sekker på europall for enkel handtering.
1000L Storsekk
Vårt mest populære val. Pakka og klar for lagring.
Leveringsklar
Me har god kapasitet og leverer raskt til heile Haugalandet.
Kva inneheld blandinga?
Blandingsveden vår inneheld ein god miks av ulike treslag for optimal forbrenning. Storsekker kan også innehalda rogn og selje.

Furu
Lettantenneleg og gjev rask varme. Perfekt for opptenning.

Bjørk
Klassikaren med høg brennverdi, pen flamme og lite gneister.

Gran
Gnistrar litt, men gjev lun og god varme og er lett å fyre med.
Lagra i 2 år
Me har ved som har vore lagra tørt innandørs i over 2 år. Dette sikrar ein stabil og god tørrgrad. Veden er resultatet av rydding i skogen og langs gardsvegen for å gjera det fint og ryddig rundt oss.
Visste du? All ved har om lag same brennverdi rekna i tørrstoff pr. kg. Granveden er noko lettare, og har difor litt større volum pr. kg enn tyngre treslag som bjørk.
Tips for betre fyring
- 1 Syt for god trekk for å få komplett forbrenning og minimalt med aske.
- 2 Reguler varmen med mengda ved meir enn med trekken.
- 3 Godt oppkløyvd ved gjev ein reinare og betre forbrenning i omnen din.
Kontakt oss
Lurer du på noko om levering, vedkvalitet eller ønsker du å bestille større mengder? Ta gjerne kontakt med oss.
Telefon
916 36 186
E-post
norleifj@online.no
Lokasjon
Me held til i Skjold i Vindafjord. Ved kan hentast på garden vår etter avtale.
Adresse: Fjellheimsvegen 66, 5574 Skjold
Åpne i Google Maps